Gå til sidens hovedinnhold

Sikra millionkontrakt på ny teknologi

Artikkelen er over 5 år gammel

Enoro vil hente data frå alle verdas straummålarar,

Enoro i Dale har fått ei avtale med Loiste Group som oppfattar 200.000 straummålarar, skriv Finansavisen.

I løpet av 2018 skal alle straummålarar i Norge vere smarte, og utrullinga av avanserte straummålarar er i gang, skriv avisa.

I denne prosessen ligg Enoro i Dale i Sogn og Fjordane an til å spele ei sentral rolle.

Det nye, store

Avanserte straummålarar heng tett saman med både analyse av store datamengder, såkalla «Big data» og internett av ting, med andre ord at ulike fysiske dingsar, frå kjøleskap til nøkkelknippe vert kopla til internett.

Kort forklart vil dei smarte, avanserte straummålarane sende detaljert informasjon om straumforbruket til nettselskapa, som kan bruke denne informasjonen både i fakturering og for å tilby andre produkt og tenester til straumkundane.

Leiande i Europa

Det er rekna med store investeringar på dette området i dei kommande åra, og Dale-bedrifta har posisjonert seg for å møte denne veksten.

Enoro har no vunne si første avtale med dataanalyseplattforma Utilytics.

Finske Loiste Group abonnerer no på løysinga, noko som gjev Enoro 1,5 millionar kroner i årlege inntekter.

– I dag er vi leiande i Europa. Det er ein posisjon vi har tenkt å behalde, seier konsernsjef Anders Lier til Finansavisen.

Ambisjonen for Enoro er å ta eit betydeleg jafs av dei 800 millionane straummålarar i verda som skal verte smarte dei neste åra.