– Regjeringa går for E134 Haukeli som hovudveg

Hovudveg? Aftenbladet melder at E 134 vert anbefalt.

Hovudveg? Aftenbladet melder at E 134 vert anbefalt.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Samferdselsministeren seier til Aftenbladet at han håper å kunna konkludera før jul, men avisa melder at E 134 vert valt som ein av to hovudtrasear.

DEL

– Regjeringa går for E134 Haukeli, melder Stavanger Aftenblad.

Måndag var alle parti på Stortinget invitert til å drøfta den framtidige hovudvegforbindelsen mellom aust- og vestlandet. Til stades var mellom anna samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), representantar frå Statens vegvesen og Vegdirektoratet.

Les og: Politikerne i Odda og Ullensvang enige om vegen videre

Aftenbladet skriv at dei har grunn til å tru at E134 vert valt som ein av to hovudtrasear, som er i tråd med anbefalingane frå Statens vegvesen. Vidare meiner dei at slaget vil stå om val av E134-variant og kva for ein trasé som slår følge med E134.

Konklusjon før jul?

– Kjelder fortel at E134-armen til Bergen ryk dersom valet blir Hardangervidda, sjølv om Odda-varianten mellom E134 og Bergen kjem desidert best ut kva samfunnsøkonomi angår, skriv Aftenbladet vidare.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen opplyser til avisa at det ikkje er naturleg med to hovudvegar, og at han og Samferdselsdepartementet håpar å konkludera før jul.

Les og: ■Førsund: Det kan skje i høst ■ Hove: Vil ta 50 år

I januar gjekk Vegvesenet inn for at Hemsedal og Haukeli bør vera hovudstamvegar mellom aust og vest.

– Nye E134 over Haukeli knuser alle konsept både på reisetid og lønsemd for samfunnet. Nærast kjem Hemsedal, som Vegvesenet også vil prioritera. Lengre bak i køen står E16 over Filefjell, riksveg 7 over Hardangervidda og ei del andre konsept, skriv Aftenbladet.

Artikkeltags