Satsar millionar for å bli attraktiv for båtfolket

Fedje vil gjera seg attraktiv for båtfolk. Biletet er frå fiskefestivalen med eit yrande liv i hamna. FOTO: NORDHORDLAND

Fedje vil gjera seg attraktiv for båtfolk. Biletet er frå fiskefestivalen med eit yrande liv i hamna. FOTO: NORDHORDLAND

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Fedje satsar på reiseliv.

DEL

Fedje vil betra forholda for fritidsbåtfolket som ein viktig del av øykommunen si reiselivssatsing. Her inngår mellom anna etablering av bunkringsanlegg, gjestehamn og planlegging for vidare utvikling av sentrum.

Det skriv Nordhordland.

Det vert arbeidd lokalt for å få på plass bunkring, gjestehamn og serviceanlegg for båtfolket, gjennom LivOGLyst-prosjektet «Nytt liv i hamna», der eigarane av Fedje fryseri er aktive. Ein auke i fritidsbåttrafikken til Fedje vil generera meir bruk av ulike lokale tenester. Det vil og bidra til auka aktivitet i sentrum, vert det peika på i eit notat om det kommunale omstillingsprogrammet.

Hastar med bunkring

Bunkringsanlegg må på plass for å kunna realisera dei andre ledda i planane til LivOGLyst-prosjektet. Dersom dette tiltaket ikkje blir realisert i 2015, mister dei eit tilskot på 500.000 kroner frå Merkur-programmet, vert det peika på i saksutgreiinga som før sommarferien vart drøfta i formannskapet.

Det vert også jobba med eit forprosjekt for utvikling av sentrum og hamneområdet på Fedje. Kommunen vil i første omgang støtta etablering av bunkringsanlegg og småbåt- og gjestehamn med 500.000 kroner gjennom omstillingsprogrammet. Programmet er det viktigaste verkemiddelet kommunen har for å kunna gjennomføra større tiltak og investeringar innan utvikling av Fedje som reisemål.

Fedje får inntil 1,2 millionar friske kroner frå Hordaland fylkeskommune til omstillingsprogrammet fase 2. Kommunen må forplikta seg til å gå inn med like store ressursar i prosjekt som dei får i tilskot frå fylkeskommunen.

Nordsjøløypa

Utvikling av Nordsjøløypa er også eit ledd i å utvikla reiselivet på Fedje. Fylkesmannen har sett foten ned for planane om å etablera grussti i Fedjemyrane landskapsvernområde. Fylkesmannen meiner det er mogleg å gjennomføra alternative, mindre inngripande løysingar, og har skissert at bruk av klopper/trebruer eller ei omlegging av trasèen kan vera aktuelle alternativ.

Fedjingane legg også opp til å gjennomføra ein studietur for å henta inn kunnskap om reisemålsutvikling og å bygga nettverk.