Det skriv Dagens Næringsliv i onsdagsutgåva, ifølgje Firda.
Der går det også fram at nokre deltakarar i Havila Holdings obligasjonslån på 410 millionar meinar lånet er misleghalde.
Andenæsgruppa AS er blant obligasjonseigarane som står bak varselet, noko dei stadfestar til DN. Andenæsgruppa er ein stor eigar i Torghatten-gruppen som har kjøpt Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1.
Havila Holding er medeigar i Fjord1, og har protestert på fylkeskommunen i Sogn og Fjordane sitt sal av sin aksjepost til Torghatten.
– Det er forskjellige kryssande interesser som er bakteppet for saka, seier Sævik til DN om misleghaldsvarslelet.
– Lånet vil bli innfritt innan kort tid
Per Sævik på si side, reknar med å innfri lånet om kort tid, og i ein epost til DN melder han at han er i dialog med bankar.
Til nettstaden Nett.no uttalar Sævik at dei har vore førebudd på denne situasjonen, og at dei har selt ein del «assets» for å kunne betale.
DN meiner å vite at Sævik har selt fiskebåten «Artus» til reiarlaget Kings Bay i Fosnavåg. Havila Holding hadde 24,5 prosent av aksjane i båtens eigarselskap Brattholm Invest. Dette salet blir stadfesta av Kings Bay Kyst AS, som derimot ikkje vil ut med noko kjøpssum.
Kursen rasar
I tillegg til gjeldsslettinga peikar Dagens Næringsliv også på at verdien av Havila Holdings aksjar i rederiet Havila Shipping og skipsverftet Havyard har falle markant.
Sidan børsnoteringa i 2014 har verftsaksjen falle frå 33 kroner til 3,30 kroner. Det er ifølgje DN eit verdifall på 424,7 millionar.