– Det vart utlyst ein konkurranse i vinter, og vi melde oss på, seier dagleg leiar i Motitech AS, Jon Ingar Kjenes, til avisa Nordhordland.

Av 425 innsende forslag frå hele norden, er MOTIview-konseptet til Motitech AS valt ut som eitt av de 25 beste og er dermed vidare til fase tre i «Nordic Independent Living Challenge».

– Den første utveljinga var no i april, der vart 75 prosjekt plukka ut til koma vidare. No har den nordiske juryen vald ut 25 i denne fasen, seier Kjenes, som er glad for moglegheitene deltakinga i denne konkurransen gir.

– Det er fantastisk spennande, og vi har alt fått stor interesse frå utlandet. Vi har mellom anna vore i Danmark og presentert konseptet vårt, og jobbar med å få det i gang der, seier han.

Lokalt samarbeid

For dei som ikkje kjenner til konseptet Motiview går det kort ut på at eldre kan sykla i trygge omgivnader i heimen eller institusjon medan dei ser ein film frå kjende stader som gir ei kjensle av å vera på tur.

– Vi har lokale aktørar med på laget, Beat frå Gulen på musikkfronten, og Digital creations frå Meland på teknologisida, seier Kjenes.

Målet for konkurransen er å bygga eit nordisk varemerke for teknologi og løysingar som ein ønsker marknadsføre ut i verda.

– Dette vil bli lagt merke til. Alt no har vi fått god blest, og vi er inviterte til Reykjarvik kommune i slutten av august, der vi skal ha demosamlingar og utprøving, seier Kjenes.

Pilotprosjekt i Sverige

– Til hausten startar vi opp prosjekt i Vesterås i Sverige, der vi skal køyre pilotprosjekt og utprøving for heimebuande og på institusjon. Det er ein god draghjelp til komma ut i norden på denne måten, seier han.

– Dette er ein prosess som har gått over litt tid. Sist var i Tromsø førre veke, under ein nordisk konferanse i velferdsteknologi der denne konkurransen vart løfta fram, seier Kjenes.

– Ønsket er å finna dei beste løysingane for at eldre kan bu heime lengre, med tanke på eldrebølgen som kjem.

I løysinga dei utviklar til heimebuande vert likevel det sosiale eit viktig aspekt.

– Gjennom vår løysing vil ein og kunne kommunisere med vener, familie og helsepersonell, sjå den same filmen og snakke om opplevinga sjølv om ein sit på ulike plassar, seier han.

Vinteren 2015 vert fem finalistar plukka ut, vinnaren vert premiert med ein million kroner.

– Så får vi sjå om vi kjem så langt. Det er fantastisk bra å vera med når ein veit kor mange gode løysingar som finst. Ni av desse 25 er frå Norge, det er utruleg bra, seier Kjenes.