– De må gje paou, gje gass, so kjem det til å gaou som ei kula, innleia sogndølen Rasmus Mo motivatorjobben med, då folket samla seg om heller tunge og krevjande tema.

Mo har ein rekordstor flokk sjømatfolk å jobbe med på miljøeseminaret i Florø.

Der finn du det årlege miljøseminaret for akvakulturnæringa i regi av forvaltninga i fylkeskommunen og fylkesmannen i Sogn og Fjordane, skriv Firdaposten.

Stortingsmelding til påske

Miljø, berekraft og vekst er stikkord for dei to seminardagane i Florø. Nettopp vekst er eit stikkord for regjeringa, som skal legge fram vekstmeldinga til påsketider i år.

Amund Drønen Ringdal, statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet var på plass for å informere om regjeringa sitt kartleggingsarbeid.

– Verktøykassa er i realiteten ganske tom når det gjeld å bekjempe lakselusproblematikken. Det er mange lovande utviklingsprosjekt i arbeidet mot lakselus, men per i dag er situasjonen ikkje god nok. Vi må ha ei miljøforvaltning som tek høgde for kontroller vekst og mangedobling av produksjonen fram mot år 2050, understreka han.

Tre spor

Han viste til at veksten i sjømatnæringa sin havbruksdel har ein visjon om ei seksdobling fram mot 2050, medan fiskeridelen vil ha vanskar med å få til nokon særleg auke.

Dei fiskebestandane som finnest er rimeleg godt utnytta. Ein liten vekst kan likevel forekomme i nye artar eller at ein haustar i større geografiske område.

Regjeringa har kartlagt tre moglege vekstmodellar:

1. Halde fram som i dag med tildelingar av nye konsesjonar. Regjeringa ønskjer seg her meir objektive kriterium for tildeling og ikkje meir av såkalla skjønnheitskonkurransar.

2. Prosentvis lik vekstrate for alle aktørane - basert på miljøovervaking.

3. Innføre ein handlingsregel basert på miljøindikatorar. Det skal leie til enten grønn, gul eller raud sone. I grøn sone kan ein få vekst, i gul sone står veksten på vent, medan raud sone kan få pålegg om reduksjon av produksjon.

– Soner vil virke urettferdig

Administrerande direktør Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk utfordra Solberg-regjeringa sin statsekretær på bakdelane med å forvalte vekst ut frå vurdering av store soner.

– Det mest rettferdige og det som gir næringa mogleheiter til langsiktig planlegging, er å gje lik moglegheit til vekst for alle aktørane. Då kan dei som kan vise til gode resultat på miljøvennleg drift få høve til å vekse. Dersom ein berre skal tillate vekst viss heile soner skal ligge til grunn, så blir det lite føreseieleg og lite rettferdig, påpeika Flora-oppdrettaren, som har tolka regjeringa slik at det går mot alternativ 3 med bruk av soner og miljøindiktatorar som skal gje enten grønt, gult eller raudt lys for vekst.

Statsekretær Amund Drønen Ringdal påpeika berre at regjeringa ikkje har konkludert enno.

– Vi har brukt mest tid og ressursar på greie ut alternativ 3, sidan det er det mest kompliserte.